Debatt med Mental Helse

30. mai hadde Arve Kirkevik, Eva Rognvik og Joar Tranøy eit innlegg i Dagbladet om saka som vart handsama i Stortinget same dag – at alle psykiatriske døgeravdelingar skulle få høve til rutinemessig kroppsvisitasjon av alle innlagde, også dei som var der friviljug.

Der var også med litt kritikk av Mental Helse sitt svik mot dei som vert sperra inne i norsk psykiatri, og dette fekk det til å rabla for Mental Helse, så dei kom med eit svar 3. juni fullt av sjølvskryt – og hysteriske åtak på dei tre ovannemnde.

I dag 9. juni har Arve Kirkevik, Eva Rognvik og Joar Tranøy eit nytt innlegg i Dagbladet der dei forklårar kritikken av Mental Helse – ein organisasjon som berre er eit haleheng til norsk psykiatri og som ikkje er interessert i å bita den handa dei får så mykje pengar frå. Kva seier det om Mental Helse at det vert brukt meir tvang i psykiatrien, når dei sit i kontrollkommisjonane?

Sandviken sykehus - her føregår overgrep velsigna av Mental Helse

Artikkelategori: