Fribeløpet for uføre truga

Her legg me ut høyringsfråsegna frå Hieronimus om fribeløpet for uføre som kan arbeida litt utanom trygda:

Svar på høyring om «forslag til nye regler for reduksjon av uføreytelser fra folketrygden og offentlige og private tjenestepensjonsordninger»

Sitat frå høyringsnotatet:

«Departementet ønsker i dette høringsnotatet å høre fire ulike modeller for reduksjon av uføretrygd fra folketrygden og uførepensjon fra offentlige og private tjenestepensjonsordninger mot arbeidsinntekt:

- Beholde dagens regler med fribeløp på 0,4 G

- Halv reduksjon opptil 1 G

- Halv reduksjon opptil 1,2 G

- Fribeløp på 0,1 G og halv reduksjon opptil 1,2 G»

Sitat slutt.

Dersom ein reduserer fribeløpet til 0,1 G vil det gjera det føra til at fleire aldri vil våga seg på å prøva seg i arbeid, sidan det vert gjeve eit signal om at ein ikkje får behalda det ein har tent utover reine småpengar. Dette signalet vil med rette kunna oppfattast som fiendtleg, sidan arbeidsinnsats som skjer trass i tung belastning under kronisk sjukdom ikkje vert sett pris på.

Alt snakk om at «det skal løna seg å arbeida» vert meiningslaust med slike reglar. Det var fylgjeleg òg ein stor feil i si tid at fribeløpet vart redusert frå 1 G til 0,4 G. Me føreslår difor at fribeløpet vert auka til 1,2 G, og at ein får behalda uføregraden sjølv om inntekta kjem over 1,2 G.

Dette vil verta ein sterk stimulans til å arbeida, for dei som i periodar er noko mindre belasta av sjukdom. Særleg ved psykiske lidingar er det vanleg at det kan gå opp og ned med plagene ein har. Dersom ein uansett har uføretrygda som eit trygt fundament, vil dette vera det aller beste utgangspunktet for at folk skal få bruka sitt arbeidspotensial fullt ut.

Venleg helsing

Arve Kirkevik

Styreleiar i Informasjonssenteret Hieronimus

Steinsdalsfossen

Artikkelategori: