Nei til kroppsvisitasjon i psykiatrien! Høyringsfråsegn frå Hieronimus

Nedanfor fylgjer utdrag frå høyringsfråsegna, som er tilgjengeleg i fulltekst på regjeringen.no.

Sjå denne òg som vedlegg i PDF på same nettstad. (Klikk på «Åpne»).

Høyringsfråsegn frå Informasjonssenteret Hieronimus om «forslag til endringar i psykisk helsevernloven – kontroll for å hindre innføring av legemiddel, rusmiddel, skadelege stoff, farlege gjenstandar og rømmingshjelpemiddel»

Er det ikkje nok overgrep i psykiatrien som det er?

Departementet gjer framlegg om at det skal gjevast høve til rutinemessig kroppsvisitasjon i institusjonar for døgnopphald i psykiatrien. Det å tillata at alle skal råkast av dette, er kollektiv avstraffing og det er i strid med retten til privatliv i grunnlova og menneskerettane.

Med dette sementerer psykiatrien og styresmaktene inngrodde fordommar om psykisk sjuke som farlege som treng hardare restriksjonar enn andre. Viss nokon skal kroppsvisiterast og få bagasjen sin endevend, må det vera skjellig grunn til mistanke, og det bør gjerast ei lovendring i motsett retning av det departementet føreslår; det bør vera same reglar for psykiatrien som for samfunnet elles.

Politiet har ikkje lov til å ransaka tilfeldige personar på gata eller driva husransaking utan å få ei rettsavgjerd om dette frå ein dommar. Slik bør det òg vera i psykiatrien: Det må ikkje tillatast at nokon går gjennom kleda og tinga til den innlagde eller at det vert gjennomført kroppsvisitasjon utan ei rettsavgjerd. Ein må bruka dei same paragrafane i psykiatrien som elles i samfunnet.

[...]

Kast høyringsnotatet om kroppsvisitasjon m.m. i bosset og start arbeidet med å gje menneske med psykiske helseutfordringar same rett til fridom og privatliv som andre!

Arve Kirkevik,

Styreleiar i Informasjonssenteret Hieronimus

 

Artikkelategori: