Angst

Stille fell snøfnugga.
Stille fell dei frå den svarte himmelen.
Stille treff dei bakken.
Stille legg dei eit kvitt teppe over den svarte asfalten.

Stille ..
Stille ..
Og enno uvitande..

Uvitande om kva som ventar.
Uvitande om mordarane som set seg inn i maskinane sine.
Uvitande om skiten og smerta.
Uvitande om døden.

Stille ..
Stille ..

Som eit glas vert knust når det treff bakken,
vert no tystnaden knust
og ein angst grip snøfnugga.

Dei er ikkje lenger uvitande...