Blind vandring

Under skuggen din er marka grøn. Inne i dei nakne kvistane flyt sevja. Attom sørgjekledde banka det eit hjarta. Djupt i det stormpiska havet finst venleik og liv. Rundt dei sinte augo lever smilerynkene. Når du kaller med dei venaste namn, høyrer eg kjærleiken mellom orda dine. Dette må eg hugse og aldri, aldri gløyme!

 

Sjølv om eg var sturen og lei og gjekk heimefrå med tårer i augo - kjende meg krenkt og spylt i ei gjørme av ord, visste eg at dette som hende var uverkeleg og ikkje fanst. Det var berre fantasien vår som seinka eit svart klede mellom oss slik at vi ikkje kunne sjå og høyre og kjenne kor vi trong kvarandre og aldri kunne skiljast. Eg gjekk fordi eg ville såre - ikkje for å skiljast. Eg gjekk og bar deg med meg i hjarta heile tida. Eg trong deg så sterkt at utan deg var ikkje verda til. Eg såg ikkje at månen lyste og byen skein. Eg gjekk og føtene var ikkje med meg. Hjarta mitt var att hjå deg. Tankane mine var inne i ein kvervel av sundslitne ord og hodelause setningar utan makt og meining. Likevel kunne eg ikkje snu og gå inn til varmen hjå deg - eg var redd det svarte kledet skulle vere der franleis og stengje for synet og all røyndom slik at kroppen min ville riste i kulde og orda bli til is i ei natt under månen eg ikkje kunne sjå. Eg gjekk - og det vart morgon. Eg snudde. Kom heim. Du var frå deg av otte for meg! Redd om meg! At noko hadde skjedd! Eg såg den djupe og nakne, varme kjærleiken din. Dette varlege og kjennsame gjer at livet finst. Og eg skjemdest for dei blinde augo mine frå i går.

Forfatter: 

Svein Otto Aarland