Den heimsende

Der stod Bernhard på trappa med dei andre
og var heimsendt frå Valen.
Sto i frakk og hatt og var som andre.
Før hadde han lese bøker og tala høgt om alt han visste.
No var bøkene brende til oske og sot.
Den heimsende torde ikkje lesa meir.

No gjekk han dei rette stader til rett tid og sa vanlege ord.
Var som dei andre nesten -
med veske og frakk.
«Kjekt å sjå deg att» sa dei til han.
Viste tennene og gøymde augene i asfalten.
«Ja, fisket blir visst bra i år» svarde han mot himmelen.
Mennene tygde ikkje meir og spytta ikkje skrå.
Frakkane hang stille om akslane.
Likevel let dei som om dei ikkje hadde høyrt.
Om litt dreiv del sakte mot bedehuset
for å høyre orda om «den som gjer godt mot mine små ..... .»

Forfatter: 

Svein Otto Aarland