Doktorskyss

Det er alltid mange tonar i lufta der menneska er.
Det spela alltid ein melodi laga av pusten
til sovande born,
av tonefall frå spørsmål og svar,
av sukk og lengt eller av
trillande lått.

 

Det spela og ein melodi frå gråten til Gullborg
som vart skyssa frå landet og heimen.
Songen i gråten fortalde ei soge
om mørke og liding.
Det var tonar frå eit menneske i naud.
Dei blanda seg med skrik frå sjøfugI under himmelen
og vart høyrde langs landet der skyssbåten for.

I vikane og på gardane lyfte hode seg
og lydde.
Det var tonar dei kjende.
Folk la arbeidet stil til side.
Stakk greip i jord.
vart ståande undren eit taust sekund.
Dagen var blitt ein annan.

Forfatter: 

Svein Otto Aarland