Far min

Far min kunne gle seg over spira som grodde,
men såg ikkje jenta som vaks.

Far min kunne trøyste hunden,
men såg ikkje tårene i andletet mitt.

Far min kunne varme mor sine hender,
men kjente aldri at mine var kalde.

Far min kunne byggja hus og hage,
men såg ikkje lengten min til heim.

Far min holdt taler til gamle og unge,
men fortalde ikkje meg ei einaste soge.

Far min bad bøner i kyrkje og ved bord,
men høyrde ikkje mine hjelperop.

Far min sørgde over Afrikas barn,
men kjende ikkje sorga mi.

Eg hugser fuglen far - med brotne vengjer.
Du stelte og strauk han.
Men aldri pakka du dyna rundt meg
eller strauk over håret mitt.

Far min var rik på penger og jord,
men fattig på varme til meg.

Det er for seint no far.
No kan du ikkje stryka dei strok du aldri strauk.
Du kan ikkje klemma dei klemmer du aldri klemde.
Du kan ikkje turka dei tårer eg turka sjølv.
Det er for seint no, far. For seint.

Forfatter: 

Svein Otto Aarland