Har du rodd ein båt..

Har du rodd ein båt ein stilte sommarkveld?
Høyrt knirk frå høvetbånd og drypp frå våte åreblad
fjerne hundebjeff og lått frå glade menneske?
Har du sett sommarskyminga omfemne land og sjø
og kjent angen frå sjøvått treverk?
Har du kjent varm natteluft kjæle deg
og kjent tyngsla frå komande torevér?
Har du drege ei teine over ripa
og lukkeleg spent høyrt hummarhalen slå?

 

Har du hatt ein bestefar i gyngestol
med roa frå eit godt liv kvilande i kvar rynke,
og ei lita kvit bestemor med trestjerners konjakk i kråskapet?

Har du vore hjå mor og far ein kveld med storm og regn
og varme i omnen?
Har du kjent lun tryggleik strøyme ut frå foreldra dine
si nøgde ro?

Har du gått på knasande singel og sett lauvet falle
ein haustdag med høg himmel og kjølig roande luft?
Har du teke på deg ein jakke av tweed og kjent angen av ull?

Har du sett eit barn løpe ikring og plukka dei siste blomane?
Har du sete i ei huske og gynga saman med barnet ditt?
Har du vore trollet under brua i «Dei tre bukkane Bruse»?

Då har du ikkje rett til å krevje meir av livet.

 

Forfatter: 

Svein Otto Aarland