Huset i glassboblen

Det var eit stort tomt rom i tankane hans -
ei æve av ingenting som ikkje ville fyllast.
Eitt kan han hugsa -
ein eksplosjon av eit minne.

Han gjekk på stien opp til huset heime.
Han såg at det lyste klårt frå vindaugene,
og bak dei sto borna hans og vinka glade til han.
Noko stansa han.
Han støytte mot ein vegg av glass.
Heile huset var lukka inne i ein glassboble.
Han skauv på. Pressa mot.
Tumla febrilsk omkring.
Leitte eller ein opning i dette merkelege akvariet.
Kva hadde skjedd?!
Dette var umulig! Fullstendig bort i natta umulig!
Slikt kunne ikkje skje -
han visste jo det, men like fullt var glassbobla der.
Han var ikkje full Var slett ikkje full.
Var han daud og sto og ropte frå den andre sida?
Var det invasjon frå verdsrommet -
eit kosmisk eksperiment?
Han løp bort frå borna sine og dei redde augo deira.
Løp bort i skingrande angst.
Løp inn i tomhet og ingenting.
Ein eller annan gong forsvant verda.
For han vart aldri verda heil att.
Borna vart tekne frå han.
Det tome rommet vil alltid vera der-
ventande.

 

Forfatter: 

Svein Otto Aarland