I gry av ei natt

I gry av ei natt
ein vaktar ved svevnen sitt hav
blir vàr ei rørsle
av liv som kjem inn
frå djup som ingen veit av -

Stigande opp over angstsvarte grunnar
ein kvitfugl mot himmelen blå.
Under vengene mørke
skuggar leikar
over berg, over busk og strå -

Flakkande flekker over jorda sitt andlet
lik famlande former av lengt,
men stille over dei
svevar fuglen
bortanfor alt som er tenkt.

Forfatter: 

Arthur