Årstidene flyt.
Våren er saft,
sommaren vin.
Hausten er mjød,
vinteren aqua vitae.
Eg likar best det saftige.
Saftkjensla.
Ho er uskuldsam
Uforløyst.
Venting.
U er våren sin bokstav.
U for det ufullstendige.
Livslengt.
Usvikelig dagast det.
Uro i kroppar.
Unge liv lengtar.
Mjuke stenglar sprengjer asfalten.
Er sterkast.
Utan frøet er ikkje
livet.
Det vesle er størst.
Mannefot kan trakke og trø.
Ugraset lever.
Våren sprengjer skallet.
Fridom.
Rimslegen kvitveis.
Livsens kamp i bakke og eng.
Du andar.
Knus ditt skall.
Du er ny !