T.

Tagal tok eg imot lenge oppdemde ord som svei.
Eg var som ein hund for din fot, det var som
deg hindmannen reid.
Ukvemsord snarvegen fann, inn i mitt hjerte
og stod,
Heite av hat og brann, medan du hånleg lo.
Du tømde ditt spott og din spe,
og treiv til dei ord du trong.
So gjekk du og gav meg fred.
Som varte til neste gong.