Eg vil snu

Eg vil ikkje meir.
Vegen er for bratt å gå.
Berre over haugen der,
Sei du.
Men eg ser ingen haug.
Eg vil snu.

Beina bær meg ikkje lengre.
Vegen er for lang.
Berre over heia der,
Sei du.
Eg ser inga hei.
Eg vil snu.

Hovudet verkar.
Kan vi ikkje kvile litt?
Berre rundt den svingen der,
Sei du.
Eg ser ingen sving.
Eg vil snu.

No orkar eg ikkje meir.
Eg legg meg ned.
Skal eg bære deg,
Sei du.
Med et ser eg enden,
Og eg vil ikkje lenger snu.

 

Forfatter: 

Anne