Å vera utstøytt

Guten var redd - av og til ufattelig redd.
Som om han gjekk ein sti i berget tusen meter
over avgrunnen.

Ein sti som stadig smalna og enda i ingenting
og det var uråd å snu og ingenting å halda fast i
og han byrja sakte falle ned mot spisse tårn og
små kvite hus…..
Slik kjendes det å gå fortapt - bli utstøytt -
kasta i avgrunnen. Smadra og knust mot bygda
som lå der og bada i sol.
Bygda ville knuse han.
Han kjende fortapninga i skrittet -
som ei mollstemt iling i pungen.
Derifrå spreide det seg til magen og strupen
og enda i øyrene som ein song frå bardunar i storm.
Stupet levde i tankane hans,
og han fall kvar einaste dag - vart slått og knust.
Og alle sto rundt han.
Dei lo.

Forfatter: 

Svein Otto Aarland