Alarmerande

Alarmerande, men ikkje overraskande, meiner helsepolitikarar om medisinering av demente.
- Dette er leit og alarmerande at det kjem ei ny undersøking med slike resultat, på noko som det vart sett fokus på allereie for eit par år sidan, seier Laila Dåvøy.

Ho er eit av fleire medlemmer av helse- og omsorgskomiteen på Stortinget som reagerer på gårsdagens oppslag i Klassekampen. Der kom det fram at over 30.000 personar med demens får antipsykotiske medisinar som det er påvist at gir auka dødsrisiko samstundes som effekten er dårleg dokumentert. Trass i at denne kunnskapen har vore kjent både i fagmiljø og i media i fleire år, held legane fram med å skrive ut medisinane.

- Antiterapeutisk

Dåvøy meiner at helse- og omsorgsministeren må sette problemet på dagsorden snarast.

- Det går ikkje å få denne type rapportar år etter år utan å gjere noko med det. Helseministeren må vurdere kva som skjer og om det må takast eit sentralt initiativ, seier ho.

Dåvøy trur ein grunn til at det ikkje blir stans i bruken av desse medisinane er at legane manglar rett kompetanse.

- Fastlegane bør få meir kompetanse, den er tydelegvis ikkje høg nok når legane finn på å skrive ut antipsykotika til demente, det er antiterapeutisk.

Utfordrar fastlegane

Inge Lønning (H) er ikkje overraska over det som kjem fram i undersøkinga.

- Det har vore kjent lenge at det har vore ein tendens til overforbruk i sjukehussamanheng. Så det er kanskje ikkje så overraskande at det gjer seg gjeldande her heller, seier han.

Helsetilsynet har tidlegare påpeika overmedisinering av bebuarar med demens på sjukeheimar. Han meiner fastlegane må bli flinkare til å følgje med i fagtidsskrift.

- Eg sluttar meg til Braut (Geir Sverre Braut, assisterande direktør Helsetilsynet, journ. anm.) som seier at det eigentleg skal fangas opp gjennom fastlegesystemet. Heile systemet kviler på forutsetningen at legar har plikt til å halde seg fagleg oppdatert, seier Lønning.

Han meiner det ikkje berre er legane som må skjerpe seg.

- Det er mange instansar som sit med sin bit av ansvaret, til dømes Legeforeningen og Helsetilsynet.

Systemsvikt

Olav Gunnar Ballo (SV) meiner det er systemsvikt snarare enn legane som handlar feil, sjølv om dei har eit ansvar.

- Det er ikkje eit korps av legar i Norge som ynskjer å overmedisinere. Ein skal ikkje gjere legane til syndebukkar, sjølv om det er legar som skriv ut alt for lett.

Ballo meiner det er systemsvikt i dei tilfella der personar med demens ikkje blir følgt systematisk opp med heimebasert omsorg.

Statssekretær i helse- og omsorgsdepartmentet Rigmor Aasrud meiner tiltaka som regjeringa har sat i gang med IKT, elektronisk demensplan og demensplan skal betre situasjonen. Samstundes understrekar ho også mangelen på kompetanse innanfor aldersmedisin.

- Det er eit viktig ansvar alle legar har for å sette rett diagnose. Vi har behov for at fleire legar interesserer seg for dette fagfeltet.

Kilde : www.klassekampen.no

 

Artikkelategori: