Eldre får livsfarleg medisin

Over 30.000 demente blir truleg medisinert med farlege medikament som ikkje virkar.

Ei ny undersøking syner at svært mange personar med demens framleis blir behandla med farlege medisinar, trass i at denne risikoen er kjent blant helsepersonell.

Ved å samle tal frå reseptregisteret har psykiater Geir Selbæk og professor Harald A. Nygaard funne at over 30.000 personar over 70 år bruker antipsykotika i Norge. Antipsykotika er ei fellesnemning på medikament som blir brukt til å handsame psykosar, mellom anna ved schizofreni.

Det blir også brukt på personar med demens, fordi det i nokre tilfelle kan dempe aggresjon og psykotiske symptom. Dette er påvist, men det er samstundes dokumentert at effekten av desse medisinane på demente er liten. I tillegg viser både norske og utanlandske studiar farlege biverknader som auka risiko for hjerneslag og død ved bruk av desse medisinane. Selbæk meiner ynskjet om å lindre smerte ofte gjer at ein mogleg gevinst blir vurdert som større einn den potensielle risikoen.

- Men kvifor held legane fram med å skrive ut desse medisinene dersom dei er så farlege?

- Sjølv om effekten i gjennomsnitt er liten, kan den bety mykje for enkeltpasienter. Det dreier seg ofte om alvorlege symptom. Vilkåret er at pasienten blir fylgt tett og at medikamentet blir teke bort igjen dersom det ikkje har sikker effekt. Denne oppfølgingen trur eg diverre er mangelfull, seier Selbæk.

- Oppsiktsvekkande

Selbæk står saman med professor Harald A. Nygaard bak artikkelen som kjem i marsutgåva av tidsskriftet Demens&Alderspsykiatri.

Over 20.000 av personane som er registrert med antipsykotika bur heime. Sjølv om studien ikkje dokumenterer kor mange av desse som er demente, reknar dei med at så er tilfelle for dei aller fleste innanfor denne gruppa.

- Dette er oppsiktsvekkjande, fordi dei vanlegaste sjukdommane med psykose, som schizofreni, ikkje blir meir vanlege i høg alder. Vi kan ikkje skjønne anna enn at det gjeld personar med demens. I så fall er effekten på medisinane dårleg dokumentert og kan få farlege følgjer for pasienten, seier Selbæk.

Tre av fire

Tidlegare har Helsetilsynet ved fleire høve påpeika overmedisinering av bebuarar med demens på sjukeheimar, men talet på demente som bur heime er langt høgare enn dei som bur på institusjon. Og legemiddelbruken til heimebuande vert det ikkje ført tilsyn med.

Ei undersøking ved som Selbæk gjorde i samband med doktorgradsavhandlinga i fjor viser at tre av fire demente på norske sjukeheimar får medisinar mot angst, depresjonar, psykosar og svevnløyse.

- Eg meiner mange fastlegar har for lite kunnskap om agitasjon og psykiske symptom ved demens, og er for lite oppdatert når det gjeld effekt og biverknader av dei medikamenta som blir brukt hjå denne gruppa.

Svikt

Det har tidlegare vorte kjent at dei eldre medikamenta mot psykose kan føre til dødsrisiko hjå demente. Ein utredning frå europeiske legemiddelmyndigheiter (EMEA) syner no at også andre og meir vanlege medisinar mot psykose som blir brukt av denne pasientgruppa har same risiko.

Statens legemiddelverk og internasjonale behandlingsanbefalingar rår helsepersonell til å prøve med ikkje-medisinske behandling som til dømes miljøtiltak, atferdsterapi, aromaterapi, lysterapi, musikkterapi først.

Det er blitt berekna at omkring 50 prosent av pasientene som bruker antipsykotika kan gå over til ikke-medisinsk behandling uten forverring av symptomene .

- Gjennomføring av slike tiltak krev god kommunikasjon mellom heimetenesta og fastlegen. Eg trur ofte denne kommunikasjonen sviktar.

- Uforsvarleg

Ifølgje lege og assisterande direktør i Helsetilsynet Geir Sverre Braut er dette ei velkjent problemstilling, trass i at det ikkje blir ført systematisk tilsyn med legemiddelbruk hjå heimebuande. Han er likevel ikkje overraska, og meiner det kviler eit stort ansvar på fastlegane i å rydde opp, og at konsekvensane kan bli alvorlege dersom dette ikkje blir gjort.

- Det som skjer heime hjå ein person, er eit forhold mellom vedkommande og fastlegen. Den legen som held fram å skrive ut kan lett sette seg i situasjon med å drive uforsvarlig, seier han.

Braut trur det blir ein utfordring å snu praksisen.

- Vi veit frå andre samanhengar at det å få fagfolk til å følge retningsliner er noko av det vanskelegaste, seier han.

Konservative legar

Talsmann for demensforbundet og Universitetssykehuset Nord-Norge HF Sigurd Sparr er heller ikkje overraska over det som kjem fram artikkelen.

- Det har nok å gjere med at helsepersonell er konservative og trur at det hjelper. Medisinar som ein veit har ein viss effekt er uheldige over tid, men det er ikkje tilstrekkeleg kunnskap om desse uheldige langtidsverknadene.

Legeforeningen ville ikkje uttale seg før artikkelen er publisert.

Av Helga Strand Vestbø
klassekampen@klassekampen.no

 

Artikkelategori: