Hentar 2550 pasientar i året

I 2005 hadde politiet i Oslo 2550 oppdrag for psykiatrien. – Vi hadde helst sett at helsevesenet hadde ressursar til å ta desse oppdraga sjølve, seier politimeister i Oslo, Anstein Gjengedal.

POLITI: I 2005 utførte politiet i Oslo 2550 oppdrag for psykiatrien. ? Vi har ikkje tid til å skifta til sivil for å utføra slike oppdrag, seier politimeister Anstein Gjengedal i Oslo.
«Uten å hilse buser de [fire uniformerte politimenn] som programmerte roboter inn på rommet og får mamma med seg. […] De sleper henne bort fra oss, mens hun ser på oss med mørke blå øyne. […]» Slik skildrar ei dotter ei oppleving på legevakta etter ein utgreiingssamtale med legen. Eksemplet er henta frå rapporten «Pårørendes opplevelse av politiassistert tvangsinnleggelse i psykiatrisk institusjon» av høgskolelektor Karen Louise Pedersen. Rapporten blir presentert på eit seminar om menneskerettar og psykisk helsevern, arrangert av LPP Oslo (Landsforeningen for pårørende i psykiatrien, Oslo lokallag) i morgon.

– Politiet si involvering er så usynleg, så forferdeleg og så vanskeleg å snakka om. Psykiske lidingar blir dobbelt stigmatiserte når politiet blir kopla inn, seier Pedersen til Klassekampen.

Rapporten inneheld både døme på politihandtering av psykisk sjuke menneske som har blitt opplevt som meir eller mindre overgrep, og døme på at politifolk i tilsvarande situasjonar har gjort ein nødvendig jobb på medmenneskeleg vis.

Mykje transport
I Oslo politidistrikt har talet på politioppdrag med psykisk sjuke folk auka med 11,8 prosent frå 2004 til 2005, frå 2280 til 2550 oppdrag. I Trondheim auka talet på slike oppdrag med nær 20 prosent i same periode. Bergen hadde nesten ingen auke frå 2004 til 2005, noko som må sjåast i samanheng med at psykiatrisk ambulanse kom i drift i mai 2005.

Politimeister Anstein Gjengedal i Oslo er ikkje glad for denne utviklinga.
– Dette er sju-åtte oppdrag i døgnet, ofte er det mykje transportoppdrag. Dette er ei stor arbeidsoppgåve for politiet. Mengda slike oppdrag aukar, men vi veit ikkje kvifor, seier politimeisteren.

Dermed stadfestar han at det er stor avstand mellom praksis og teori, eller mellom politikvardag og rundskriv, på dette området.

Eit rundskriv frå Sosial- og helsedirektoratet og Politidirektoratet, som kom i juli i år, seier at politiet ikkje kan brukast som rein transportteneste i slike saker. I det same rundskrivet heiter det også at politiet bør opptre i sivilt antrekk og med kjørety utan politimerking der dette er det beste for pasienten.

Har ikkje tid
– Eg trur det er svært sjeldan slike oppdrag blir utførte av politi i sivil. Vi har ikkje tid. Vi har våre uniformerte folk ute i byen, dei kan ikkje dra inn og skifta og bytta bil for å utføra eit oppdrag, det kan i beste fall gjennomførast ved planlagde oppdrag, seier politimeisteren.

– Er det politifolk som er spesielt trena til å handtera psykisk sjuke folk?

– Slike oppdrag må utførast av dei som er ledige. Det er ikkje vår oppgåve å øyremerka folk til slike oppdrag, seier Gjengedal.

I tillegg til dei tilfella der politi blir tilkalt av lege i samband med vanskelege sjukehusinnleggingar, hender det også at politiet kjem over folk i andre situasjonar, anten ute på gata eller i samband med husbråk, som er i ein slik tilstand at dei bør takast hand om av psykisk helsevern.

– Noko av det verste er når ein må køyra rundt frå institusjon til institusjon for å få plassert slike pasientar, seier politimeisteren.

Psykiatrisk ambulanse
Gjengedal ser fram til at betre samarbeid med psykiatrien skal kunna redusera omfanget av slike politioppdrag.

– Ideen med eigen psykiatrisk ambulanse, slik dei har i Bergen, er noko som bør vurderast også i Oslo. Det ville ikkje ta alle oppdrag vekk frå politiet, men kunne gi ei vesentleg betring. Det har også vore vurdert om vi skulle senda rekninga for desse oppdraga til helsevesenet. Det er kostbare oppdrag, kanskje kan ein finna andre løysingar dersom ein tydeleggjer kostnadene, seier Gjengedal.

Av Magnhild Folkvord

Klassekampen 01.12.06
 

Artikkelategori: