Arbeidarpartiet og blåreseptordninga

Me har sendt e-post til Arbeidarpartiet på Stortinget om blåreseptordninga, sjå svaret frå dei nedst i denne artikkelen. Ap har samtykt i at dette vert publisert.

Dette var e-posten som vart send torsdag 26. august 2021 kl. 23.00:

=====================================================

Hei!

Dette er ei sak som gjer oss svært urolege om det skulle verta ein realitet. Ruth Grung stilte eit skriftleg spørsmål i september 2016 der ho føreslo at ein berre kan få utlevert ein månads forbruk av medisinar på blå resept:

https://www.stortinget.no/nn/Saker-og-publikasjonar/Sporsmal/skriftlege-sporsmal-og-svar/Skriftlig-sporsmal/?qid=66353

https://www.apotek.no/nyhetsarkiv/helsepolitikk/vil-redusere-svinn-med-utlevering-av-medisin-for-en-kortere-periode

I dag får ein utlevert for inntil tre månaders forbruk om gongen.Framlegget til Ruth Grung vil føra til at mange som har det vondt vil få det endå verre. Dette gjeld både dei som har angst for å gå ut av huset, og dei mange som er avkrefta pga. fysisk eller psykisk sjukdom.

For desse er det ei meir enn stor nok belastning å gå på apoteket kvar tredje månad. Å gå dit tre gonger så ofte vert ikkje til å halda ut. Denne saka er difor svært viktig for våre medlemer. Ruth Grung trur ein vil spara pengar på mindre svinn av blåreseptmedisinar, men dette er feil. Ser ein på samfunnsøkonomien og samfunnet som heilskap, er dette ei tap–tap-sak, også økonomisk sett, fordi det vert tre gonger så mykje byråkrati for lækjarar, sekretærar og farmasøytar.

Det Grung føreslår her, er rett og slett eit velferdskutt som råkar dei mest sårbare blant oss.

(Me meiner ei eventuell endring heller må gå andre vegen, t.d. at dei som skal bruka medisinen sin resten av livet bør kunna få utlevert medisin for eit års forbruk om gongen.)

Det me ynskjer frå dykk i Ap er ein lovnad om at det ikkje er aktuelt å redusera mengda medisin ein kan få utlevert om gongen på blå resept. Tre månaders forbruk er til å leva med, men ikkje for kortare tid enn dette. For våre medlemer er det viktigaste med ei raudgrøn regjering at det ikkje vert fleire velferdskutt og at høgreregjeringa sine velferdskutt vert reverserte.

Lukke til vidare i valkampen!

=====================================================

Så vart det sendt ein ny e-post frå oss sundag 5. september 2021 kl. 16.31:

=====================================================

Hei!

Me reknar med at de har mykje å gjera no så tett opp mot valet, men vonar likevel de kan svara på om de vil behalda dagens ordning med at ein kan få utlevert medisinar på blå resept for tre månaders forbruk om gongen. Det er svært viktig for menneske med angst og depresjon at ein ikkje må gå oftare på apoteket, då dette er vanskeleg nok frå før for dei som har angst for å gå ut av huset, eller er tappa for krefter av psykiske lidingar. For friske og ressurssterke personar er det sikkert vanskeleg å forstå at det er eit problem å måtta gå tre gonger så ofte på apoteket som i dag, men me kan lova at dette vil gjera livet endå tyngre for mange.

 

Me vil setja stor pris på å få ei avklåring på dette før valet, då det er ei viktig sak for våre medlemer.

=====================================================

Dette var svaret me fekk frå Ap v/politisk rådgiver, Karl Kristian Bekeng torsdag 9. september 2021 kl. 12.21:

«Arbeiderpartiet har ikke noe i vårt partiprogram 2021- 2025 om å redusere mengden man kan få utlevert.»

Vurderinga frå oss i Informasjonssenteret Hieronimus er då at me reknar med at blåreseptordninga vert oppretthalden som i dag, slik at me framleis vil kunna henta ut medisin på blå resept for tre månaders forbruk om gongen.

 

Snødekt fjell

Artikkelategori: