Arbeidarpartiet om tvang i psykiatrien

Her er svar frå Arbeidarpartiet 10. september 2021 kl. 16.57 om tvang i psykiatrien, og om dei meiner det same som då Støre svara Hieronimus i 2017. Me har fått løyve frå Ap til å publisera dette.

==============================================================

Takk for mail, Arve.

Dessverre har verken Jonas eller Ingvild sjans til å handtere e-post i desse dagar, alt går i eitt, og sjølv vi i bakkemannskapet er ganske så nedlessa.

Eg kjenner ikkje til at vi har endre syn sidan Jonas svarte deg i 2017. Eg sjekka med ein travel fagrådgivar på helse, som skriv:

«Vi  er absolutt enig i at terskelen for bruk av tvang skal være høy. Tvang skal bare brukes når det er helt nødvendig og som en siste utvei. Styrking av pasientenes selvbestemmelse og rettssikkerhet er viktige tiltak for å redusere bruken av tvang og for å få en riktigere bruk av tvang. Vi mener at det er behov for en gjennomgang slik at vi forhindrer situasjoner der tvangsbruken eventuelt øker senere i et pasientforløp, som kan være tilfelle for noen pasienter. Det handler også om å holde den totale tvangsbruken så lav som mulig.»

Og så er det eit viktig poeng som Jonas skreiv den gongen, nemleg at «Dette koster penger.» I desse valgomat-tider forsvinn det viktige poenget at helse/sjukehus alltid får meir pengar med Arbeidarpartiet enn med høgresida. Det er jo der litt av den grunnleggjande skilnaden mellom sidene i politikken ligg.

Sjølv om dette ikkje skulle vere fullgode svar, så er det det beste vi får til akkurat no, gitt den (ganske så ekstreme) situasjonen vi er i akkurat i desse dagar.

Alt godt og beste helsing

Jo

 

Jo Heinum

Politisk rådgjevar

Arbeidarpartiet si stortingsgruppe

==============================================================

E-post frå Hieronimus til Ap onsdag 8. september 2021 kl. 20:50:

==============================================================

Til Jonas Gahr Støre, Ingvild Kjerkol og Aps stortingsgruppe, frå Informasjonssenteret Hieronimus

Hei!

Står Ap for det same no når det gjeld psykiatri som då Jonas Gahr Støre svara oss i 2017? Sjå e-posten dykkar nedanfor, under svaret frå meg. Me beklagar at me er seint ute med denne førespurnaden, men det hadde vore fint å få ei avklåring av dette før valdagen, dersom de rekk dette.

Vil ein helseminister frå Arbeidarpartiet stå på pasienten si side, når det er motstridande interesser mellom pasienten og dei tilsette, som t.d. psykiatrar, psykologar, psykiatriske sjukepleiarar og ufaglærte? Det er eit faktum at det er ein ukultur i delar av psykiatrien der dei for lett tyr til beltelegging, tvangsmedisinering og elektrosjokk utan samtykke.

Dette gjeld særleg når situasjonen til ein pasient er vanskeleg og konfliktfylt. Opposisjonelle pasientar får meir hardhendt behandling enn andre, for kritikk av behandlinga er ikkje velkomen i psykiatrien.

Eg er framleis på ingen måte tilhengjar av høgrepolitikk og usosiale kutt, men Bent Høie har gjennomført tiltak og lovendringar innan psykiatrien som går i rett retning med sikte på å heva terskelen for tvangsbruk, som dette at ein ikkje skal bruka tvang viss pasienten har samtykkekompetanse (bortsett frå at farekriteriet er uendra).

I tillegg er det ei sak på høyring om framlegga frå Tvangslovutvalet:

 

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/213110-horing-oppfolging-av-forslagene-fra-tvangslovutvalget/id2865789/

https://www.regjeringen.no/contentassets/0ea7eeab31a4475cb0ac7e63b72e7784/horingsnotat-oppfolging-av-forslagene-fra-tvangslovutvalget.pdf

Kva meiner Ap om desse framlegga? Vert det meir tvang med ei raudgrøn regjering enn med høgreregjeringa?

På minst eitt av punkta i høyringsnotatet går likevel framlegget feil veg, altså at det kan verta meir tvang.

I dag er reglane slik at det eigentleg ikkje er lov å utføra elektrosjokk under tvang, unnateke i naudrettssituasjonar. Høgreregjeringa føreslår m.a. fylgjande i høyringsnotatet ovanfor:

«Departementet støtter derfor også utvalgets forslag om at ECT uten samtykke bare skal kunne brukes dersom personen ikke motsetter seg tiltaket og unnlatelse av å gi ECT i løpet av få uker, vil føre til alvorlig fare for personens liv, og at det bare skal kunne treffes ett vedtak om bruk av ECT i inntil to uker. Behandlingen vil dermed bare være aktuell overfor personer som er i ferd med å dø som (en indirekte) følge av sin psykiske tilstand.

Typisk vil dette gjelde personer som har sluttet å ta til seg næring og væske, og i slike tilfeller vil man også kunne oppleve at motstanden mot ECT til slutt oppgis.»

Me er sterkt imot å legalisera elektrosjokk utan samtykke, slik som det på denne måten eksplisitt vert teke inn i lova. Ei opning for dette i lovverket kan føra til at elektrosjokk oftare vert utført utan samtykke. Sjølv om høgreregjeringa ikkje vil at det skal gjennomførast dersom personen motset seg tiltaket, er det slik at nokre av dei som er djupt deprimerte ikkje vil klara eller våga å seia nei til elektrosjokk, sjølv om dei meiner nei.

Årsaka til manglande motstand kan vera handlingslamming pga. depresjonen eller frykt for autoritetar.

Dette vil altså gjera at dei aller mest sårbare og forsvarslause blant oss kan verta utsette for den grovast tenkjelege integritetskrenkinga staten kan gjera i vårt samfunn. Er det nokon som ville ha sagt at valdtekt er i orden, viss ein ikkje gjer motstand? Underteikna har sjølv fått elektrosjokk under tvang, så dette er ikkje spekulasjonar og overdrivingar.

Det vil vera svært audmjukande og personen vil klandra seg sjølv hardt i ettertid for å ikkje å ha gjort motstand mot elektrosjokkbehandlinga. Slik vert det gjort til pasientens ansvar at ein ikkje skal utsetjast for integritetskrenkingar og overgrep i psykiatrien. Det burde sjølvsagt vera motsett – at di meir sårbar ein er, di sterkare skal rettsvernet vera.

Diverre finst det framleis psykiatrar som møter røynsler frå pasientar om permanent tap av hugs etter elektrosjokk med fornekting. Men ein av dei fremste elektrosjokkekspertane i verda, Harold Sackeim, som er og har vore nærast livslang tilhengjar av elektrosjokk, gjorde sjølv ein studie av dette, og fann ut at for alle typar av elektrosjokk vart det påvist markante skadar på heile spekteret av tankemessige og andre mentale funksjonar i oppfylginga av pasientane etter seks månader, basert på ei rekkje standardiserte psykologiske testar.

Og når dette har vara i seks månader, er det svært sannsynleg at skaden vert varig.

Sjå studien hans her:

https://www.nature.com/articles/1301180

Psykiater og psykiatrikritikar Peter Breggin har kommentert studien til Harold Sackeim her:

https://www.huffpost.com/entry/disturbing-news-for-patie_b_44734

Sitat frå Breggin:

«After traumatic brain damage has persisted for 6 months, it is likely to remain stable or even to grow worse.»

Peter Breggin er upopulær blant psykiatrar, men Sackeim sin studie har synt at han har rett om skadeverknadene av elektrosjokk. Alzheimer er ein av dei mest frykta sjukdomane me har. Ingen ynskjer å verta hugsa som ein senil person. I psykiatrien er det annleis: Skadane me får på hugset av elektrosjokk vert bagatelliserte av psykiatrane. Me som har fått ein viktig del av livet evig øydelagd veit at dette er ingen bagatell.

Så ei behandling som gjev så alvorlege skadar på mange av pasientane er det uakseptabelt å gje med mindre pasienten har avgjeve ei skriftleg førehandserklæring med samtykke til eventuell framtidig elektrosjokkbehandling, under føresetnad av at pasienten har fått informasjon om skadeverknadene på hugset.

Me vonar Arbeidarpartiet vil ha eit totalforbod mot elektrosjokk utan eksplisitt skriftleg samtykke, også totalforbod mot å gje elektrosjokk som naudrett. Dersom ein opnar for legalisering av elektrosjokk utan samtykke fryktar me at det vert føremålsutgliding, og stadige krav frå psykiatrar om at tilgjenget til dette vert utvida.

Så ein annan ting:

Me vil oppmoda Ap til å gje mykje meir hjelp til studentar som slit psykisk, og står i fare for å ikkje klara å fullføra studiet dei går på. Det er mange studentar som har psykiske lidingar, også utanom konsekvensar av korona-tiltak (som er naudsynte, men gjer at mange har hatt det vanskeleg).

Me føreslår tverrfaglege team som ikkje berre gjev behandling, men òg hjelp til motivasjon til å fullføra studiet og syrgjer for tilrettelagd undervisning og anna undervisningsrelatert hjelp. Ikkje alle kan verta akademikarar, men dei som ynskjer dette må få ein reell sjanse til å gjennomføra det. Dette vil gje mange som elles ville ha enda på uføretrygd eit godt liv i arbeid i staden for. Med så mange studentar som slit psykisk skal det ikkje mykje til før desse tiltaka vert lønsame. Det bør òg vera liknande tiltak med tverrfagleg team for menneske med psykiske lidingar som vil ta yrkesfagleg utdanning. Me vil presisera at det må ikkje verta vanskelegare for psykisk sjuke å få og behalda varig uføretrygd, men lettare å få hjelp til å koma i arbeid, og såleis unngå uføretrygd.

Høgreregjeringa har òg ei sak på høyring der dei vil straffa uføre som vil arbeida, ved å redusera eller fjerna fribeløpet.

https://www.regjeringen.no/contentassets/6eac3f48d29b484997a9126e4d5e9378/horingsnotat-forslag-til-nye-regler-for-reduksjon-av-uforeytelser.pdf

Dette vil føra til at færre kjem i arbeid. Me har sendt høringsfråsegn til dette her:

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/horing-om-forslag-til-nye-regler-for-reduksjon-av-uforeytelser-fra-folketrygden-og-offentlige-og-private-tjenestepensjonsordninger/id2862618/?uid=25b0527c-82bc-4dd1-b851-31e92d35eb33

Og me vonar at Arbeidarpartiet vil stogga dette usosiale kuttet, slik at fribeløpet anten vert oppretthalde som i dag eller auka til 1,2 G.

Lukke til med resten av valkampen!

==============================================================

Svar frå Jonas Gahr Støre 22. mai 2017 kl. 10.44:

==============================================================

Hei Arve,

Tusen takk for din mail!

Vi kan love deg at arbeidet med psykisk helse er et viktig felt for Arbeiderpartiet.

Vi er opptatt av både forebygging og god behandling. I tillegg vil vi ha spesiell oppmerksomhet på hvordan personer med psykiske lidelser kan fungere godt i dagliglivet.

Du nevner spesielt bruk av medikamentfri behandling som et godt alternativ for en del pasienter.

Vi opplever at det er relativt stor enighet om at medikamentfri behandling er et tilbud som har vært for lite brukt. Alle helseforetak skal nå kunne tilby dette til de pasientene som ønsker det.

Noen steder har de egen avdeling for denne type behandling, mens andre steder har organisert dette på andre måter.

For Arbeiderpartiet er det viktig at de enkelte pasienter skal få et tilbud som er tilpasset deres ønsker og behov. Dette innebærer at medikamentfri behandling skal være en av behandlingsmulighetene.

Det er viktig at nye behandlingsopplegg følges med forskning slik at vi kan få svar på hvordan det virker og hvem som kan ha nytte av behandlingen, slik som du foreslår.

Du nevner også bruk av tvang. Vi vet at mange psykiatriske avdelinger har klart å redusere bruken av tvang ved hjelp av relativt enkle midler.

Det er to viktige fellesnevnere hvis vi skal lykkes med medikamentfri behandling og redusere bruken av tvang, nemlig god bemanning og god kompetanse.

De avdelinger som har lykkes, rapporterer at de har litt flere ansatte enn det som er vanlig og at de ansatte har god kompetanse og erfaring.

Dette koster penger. Arbeiderpartiet vil styrke spesialisthelsetjenesten og vi foreslo i vårt alternative budsjett for 2017 at sykehusene skulle få  1,5 milliarder mer enn de fikk med dagens regjering.

Vi håper du er beroliget med at Arbeiderpartiet vil ha stort fokus på psykiatrien dersom vi kommer i posisjon.

 

Beste hilsen

Jonas Gahr Støre

==============================================================

E-post frå Hieronimus til Jonas Gahr Støre 18. mai 2017 kl. 22.25:

==============================================================

Hei,

Til Jonas Gahr Støre, Hadia Tajik og Torgeir Micaelsen - førespurnad frå pasientorganisasjonen Informasjonssenteret Hieronimus

Eg ynskjer ei Ap-regjering til hausten, gjerne raudgrøn.

Eg er på ingen måte tilhengjar av høgrepolitikk, men på eitt punkt har helse- og omsorgsminister Bent Høie gjort noko bra, og det er at han har fått gjennom at ein skal kunna få medikamentfri behandling i psykiatrien. I tillegg har han synt at han kan stå opp mot ukultur blant psykiatrar og andre tilsette i denne delen av helsestellet.

Han har kalla overgrep i psykiatrien for overgrep, t.d. når det gjeld ulovleg beltelegging. Det er unikt at ein helse- og omsorgsminister har vore så tøff og tydeleg andsynes ukulturen i psykiatrien.

Kva vil ein helse- og omsorgsminister i ei Ap-regjering gjera på dette området? Eg er redd for at det skal koma nokon som ikkje vil vidareføra det positive som er gjort. Det eg konkret bed om, er at tilbodet om medikamentfri behandling i psykiatrien vert lovfesta og vidareutvikla, slik at alle som ynskjer dette, får ein rett til medikamentfri behandling.

Psykiatrien har vist sterk motvilje mot dette, pga. klokkartru på psykofarmaka, som har mange skadeverknader og plagsame biverknader.

For mange vert medikasjonen meir plagsam enn sjukdomen.

Det som òg bør gjerast, er å innføra plikt i helseføretaka til å ha medikamentfrie avdelingar på kvart psykiatrisk sjukehus og distriktspsykiatrisk senter. For at medikamentfri behandling skal kunne fungera, må personalet på desse avdelingane vera entusiastiske tilhengjar av medikamentfrie behandlingsmetodar, som t.d. kognitiv terapi, musikkterapi og fysisk aktivitet. Viss personalet er negativ til medikamentfri behandling, vil dette smitta over på pasientane, og behandlinga kan såleis verta sabotert av dei tilsette eller i alle fall få dårlegare effekt.

Stillingane på medikamentfrie avdelingar bør lysast ut på nytt, med klåre krav i utlysinga om at dei som vil arbeida der, anten det er psykiatrar, psykologar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar eller ufaglærte, må vera tilhengjarar av medikamentfri behandling, og syna interesse for slik behandling. Elektrosjokk og tvangsmedisinering må ikkje vera tillate på slike avdelingar.

I tillegg er det viktig at ein må nytta høvet til å forska i stor skala på ulike typar medikamentfri behandling, så mange som mogleg av dei som ynskjer å motta medikamentfrie tilbod bør inviterast med på forskingsprosjekt.

Det må verta slutt på at dei som ikkje vil ha medisinar ikkje får noko reelt alternativ, for det vert i praksis ei skjult form for tvang når medisinar er det einaste ein kan få, og ein elles vil stå utan hjelp.

Så bør arbeidet med å få gjort noko med tvangsbruken i psykiatrien, vidareførast.

Kva vil ein helse- og omsorgsminister i ei Ap-regjering gjera for å vidareutvikla tilbod om medikamentfri behandling i psykiatrien for alle som ynskjer det, trass i motstand frå psykiatrane? Og i samband med dette opna for forsking på dei medikamentfrie behandlingane som vert nytta? Det er eit stort behov for meir kunnskap.

Problemet er jo at psykiatrien har forska lite på dette, for dei er ikkje interessert i å tilby behandling utan medisinar og elektrosjokk.

Så vil eg presisera at dei som ynskjer medikamentell behandling sjølvsagt må kunna få dette som før.

Eg vonar Ap kan gje ei tilbakemelding på framlegga som er presenterte i denne e-posten. Fleire vil våga å søkja hjelp, om dei kan vera trygge på å ikkje verta pressa eller tvinga til å ta medisin eller elektrosjokk.

 

 

Stokkand

Artikkelategori: