Ingen pasientar er håplause

Sjølv om folk har fått diagnosar som seier at dei er kronisk sjuke, er det mogeleg å få til endringar. Det meiner Annbjørg Haram, klinisk sosionom og familieterapeut.

Sjølv hos dei alvorlegast ramma psykiatriske pasientane er det noko som fungerer, seier Annbjørg Haram.

Haram har det meste av si erfaring med psykiatri frå poliklinisk arbeid ved Ålesund Sentralsjukehus sia 1980. Ho er utdanna sosionom, har tatt vidareutdanning i barne- og ungdomspsykiatri og familieterapi, og har brei erfaring i arbeid med barn, ungdom og vaksne med rusproblem og ulike psykiske lidingar, framfor alt med schizofreni og psykoseproblematikk.

Ho begynte å arbeida i vaksenpsykiatrien for snart ti år sia, og legg stor vekt på å arbeida relasjonsorientert. Haram har basert det meste av behandlinga på regelmessige individuelle samtalar med pasientane.

– Samtalen har kraft i seg sjølv. Tar ein tid til samtale, er det mogleg å spinna trådar over kløfta mellom den psykotiske og den verkelege verda. Det er viktig å formidla tru på framgang, skapa eit trygt miljø, slik at pasienten vågar å komma ut med det ho eller han opplever i den psykotiske verda, slår Haram fast.

Kjensler er kunnskap
Haram meiner at emosjonelle ressursar og sensitive evner blir ofte forsterka ved psykose- og schizofreniproblem. Derfor legg ho vekt på at terapeuten tar i bruk kjensledimensjonen og leitar etter mogelege møtepunkt. Det er ei utfordring å lytta til psykosehistoriene og ta dei på alvor, slik at pasient og terapeut saman kan finna ut korleis dei kan knyttast tilbake til tidlegare opplevingar.

– Dei indre stemmene kan bli for påtrengjande, og skapa forvirring. Når ein person høyrer stemmer ingen andre høyrer, kan det ofte vera stemmene til personar vedkommande ein gong har kjent. Kanskje kan det vera tankar dei har grubla over utan å ha fått delt dei med nokon, forklarer Haram.

Omgrepet spegling er også sentralt.

– I auga til andre ser vi noko meir enn om vi berre ser i spegelen. Schizofrenireaksjonar kan komma som mangel på spegling og sosiale relasjonar. Negativ spegling kan fungera som ein sjølvoppfyllande profeti, og gjera at pasienten utviklar tilbaketrekkingsreaksjonar, seier Haram.

Mykje biologisk orientering
Dei fleste pasientane Haram har behandla, gjekk på nevroleptika. Nevroleptika gir ekstra plager med biverknader som liknar symptom som også inngår i diagnosen. Nevroleptika dempar dei kognitive funksjonane, som er avgjerande om pasienten skal kunna reflektera over sin eigen situasjon.

– Når pasientane er tungt medisinerte, er det vanskeleg å komma til med samtale, seier Haram. For henne vart det viktig å få til eit samarbeid med andre fagfolk for å få redusert medisinbruken, noko som ofte er eit omstridd tema i norsk psykiatri.

– Har du møtt mykje fagleg motstand når du har ønskja å redusera medisinbruken?

– Eg har av og til møtt og møter framleis legar og psykiaterar som legg stor vekt på arv og biologi i forståing og tilnærming ved psykose- og schizfreniproblem, og som har hatt eller har tilsvarande mindre tru på at samtalen verkar, seier Haram.

Men ho fortel vidare at det stort sett har lykkast å få til samarbeid med fagfolk som har det medisinske ansvaret.

– Når dei blir inviterte inn i samtalerommet, og både pasienten og eg viser interesse og fortel og skriv på flipover for å visa dei endringane som har skjedd, er det mange som blir glad for å sjå at dette nyttar.

Haram har no eitt år igjen av psykologistudiet ved Stockholms universitet, og arbeider med ei bok om dei erfaringane ho har gjort med samtaleterapi. Ho har gjort etterundersøkingar av i alt 38 pasientar som har fått ulike psykosediagnosar, og har invitert ti av pasientane med som medforskarar i ettersamtalar. Av dei åtte første pasientane ho starta med for om lag ti år sia, er dei fleste no tilbake i samfunnet.

Dynamisk
Haram ønskjer ikkje å komma med kategoriske utsegner om medikamentbruk i psykiatrien.

– Det er viktig å sjå dynamisk på både diagnosar og medikamentbruk, og dessutan viktig å skilja mellom ulike typar medisin. Mange psykiatriske pasientar slit med søvnproblem. Da kan det vera nødvendig at dei får noko å sova på. Nevroleptika meiner eg det er bra å unngå så langt som mogeleg. Og eg ser fram til at det kjem betre nevroleptika. Psykiatrien har mykje å læra av somatikken når det gjeld syn på diagnose og bruk av medisin. Her blir både diagnose og medisin endra ved betring i symptombilete.

– Du har gått mot straumen i forhold til tradisjonell psykiatri. Korleis har dette blitt mottatt av fagmiljøet kring deg?

– Det stemmer at eg i stor monn har funne vegen sjølv, men andre har også vist støtte og gitt oppmuntring. Eg har i all hovudsak blitt møtt positivt, med undring og interesse. Ein del av resultata har overraska, og eg har fått ros for nytenking.

– Bjarte Stubhaug, leiar for Norsk psykiatrisk forening, uttalte for nokre veker sia at det viktigaste for å styrka norsk psykiatri, er å få fleire psykiatarar og psykologar. Er du einig i det?

– Alle fagfolk er viktige i psykiatrien. Høgskoleutdanna fagpersonale med spesialutdanning har på mange vis eit breiare utgangspunkt, og ser ut til å få med seg det beste av psykologien i vidareutdanninga. Det er viktig at dei som er engasjerte og har lyst til å jobba i psykosefeltet får sleppa til, uavhengig av kva tittel dei måtte ha, seier Haram.

– Psykiatrien må bli ein lærande organisasjon, som hentar kunnskap både ovanfrå og nedanfrå, og pasienten må få influera, slik at ho eller han ikkje blir ein passiv mottakar av behandling, legg ho til.

 

Artikkelategori: