Bjørn Henning Østenstad, som er leiar av tvangslovutvalet, har svara Arve Kirkevik og Joar Tranøy i Aftenposten. Innlegget har overskrifta «Når døden er alternativet, bør elektrosjokkbehandling kunne brukast». Han skuldar dei for å ha diskutert «ei innbilt problemstilling» i kronikken 1. juli. Temaet er elektrosjokk utan samtykke, som er omtala i utgreiinga til tvangslovutvalet. Denne er på over 800 sider.