Me har fått svar frå SV v/Nicholas Wilkinson, helsepolitisk talsmann, om tvang i psykiatrien. Han har godkjent at me får publisera svaret hans, som kom torsdag 9. september 2021 kl. 11.48:
==========================================================
Hei, Arve
Tusen takk for viktige innspill som vi tar med oss til neste Stortingsperiode og i forhandling med andre partier.
Du spurte litt om hva vi mener om tvang i psykisk helsevern. Jeg deler hva jeg sa i Stortingssalen denne våren: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2020-2021/refs-202021-03-08/?m=5
Nicholas Wilkinson (SV) [14:22:12]: SV deler bekymringene fra politiet, helsevesenet og pasientorganisasjonene om at tjenesten ikke er bra nok, men løsningen er ikke mer tvang. Løsningen er at flere får hjelpen de trenger. Tvang er ikke en medisin. Medisinen er å bygge ut psykisk helsevern med flere hele og faste stillinger, slik at alle får den beste behandlingen de kan få.
92 pst. av pasientene sier at de har blitt avsluttet for tidlig i behandlingsløpet, minimum én gang. Det viser at vi må ansette flere. Når pasienter ikke får fullført behandlingen, er det mer sannsynlig at de blir enda sykere. De som blir sykere, trenger enda mer tid i behandling. Mange av pasientene vet når de trenger hjelp, men i dagens system kan det ta mange uker, eller måneder, før de får hjelpen de trenger.
Derfor har SV flere ganger foreslått flere brukerstyrte senger i psykisk helsevern. Rapporten viser tydelig at de pasientene som får dette tilbudet, trenger mindre tid i spesialisthelsetjenesten. De kan legge seg inn, få hjelpen de trenger i noen dager, og så skrive seg ut. Det koster ikke mer, og gir pasientene mer frihet og makt i sine liv.
Lovendringen i 2017 var en nødvendig justering for å sikre at mennesker som er samtykkekompetente, får rett til å bestemme. Den gamle praksisen var i strid med menneskerettighetene og CRPD.
I merknad og forslag ser det ut som om Arbeiderpartiet og Senterpartiet vil ha mer tvang og tvangsmedisinering. Helsetjenesten har mulighet til å benytte tvang hvis personen er til umiddelbar fare for eget eller andres liv, eller for alvorlig helseskade hos andre. SV mener disse partiene ser på problemet fra feil side. Problemet er at tjenesten er tynnslitt med alle kuttene denne regjeringen har gjort. Derfor fremmer jeg forslag nr. 2, fra SV, om en gjennomgang av tvangsbruken i forhold til bemanning. SV stemmer for forslag til vedtak fra de andre partiene i komiteen.
Jeg har ekspressiv afasi, språkproblemer etter blodforgiftningen og slag jeg fikk i 2018, så det kan komme noen feil i e-posten.
Vennlig hilsen
Nicholas Wilkinson
Helsepolitisk talsperson i SV
Stortingsrepresentant for Akershus SV
Følg gjerne siden min.
==========================================================
Her er e-posten som Hieronimus sende til SV onsdag 8. september 2021 kl. 22:01:
==========================================================
Til Nicholas Wilkinson, Audun Lysbakken og SVs stortingsgruppe
Hei!
Me beklagar at me er seint ute med denne førespurnaden, men det hadde vore fint å få ei avklåring av dette før valdagen, dersom de rekk dette.
Vil SV stå på pasienten si side, når det er motstridande interesser mellom pasienten og dei tilsette, som t.d. psykiatrar, psykologar, psykiatriske sjukepleiarar, hjelpepleiarar og ufaglærte?
Det er eit faktum at det er ein ukultur i delar av psykiatrien der dei for lett tyr til beltelegging, tvangsmedisinering og elektrosjokk utan samtykke. Dette gjeld særleg når situasjonen til ein pasient/brukar er vanskeleg og konfliktfylt. Opposisjonelle pasientar får meir hardhendt behandling enn andre, for kritikk av behandlinga er ikkje velkomen i psykiatrien.
Eg er på ingen måte tilhengjar av høgrepolitikk og usosiale kutt, men Bent Høie har gjennomført tiltak og lovendringar innan psykiatrien som går i rett retning med sikte på å heva terskelen for tvangsbruk, som dette at ein ikkje skal bruka tvang viss pasienten har samtykkekompetanse (bortsett frå at farekriteriet er uendra).
I tillegg er det ei sak på høyring om framlegga frå Tvangslovutvalet:
Kva meiner SV om desse framlegga? Vert det meir eller mindre tvang med ei raudgrøn regjering enn med høgreregjeringa? På minst eitt av punkta i høyringsnotatet går likevel framlegget feil veg, altså at det kan verta meir tvang.
I dag er reglane slik at det eigentleg ikkje er lov å utføra elektrosjokk under tvang, unnateke i naudrettssituasjonar. Høgreregjeringa føreslår m.a. fylgjande i høyringsnotatet ovanfor:
«Departementet støtter derfor også utvalgets forslag om at ECT uten samtykke bare skal kunne brukes dersom personen ikke motsetter seg tiltaket og unnlatelse av å gi ECT i løpet av få uker, vil føre til alvorlig fare for personens liv, og at det bare skal kunne treffes ett vedtak om bruk av ECT i inntil to uker. Behandlingen vil dermed bare være aktuell overfor personer som er i ferd med å dø som (en indirekte) følge av sin psykiske tilstand. Typisk vil dette gjelde personer som har sluttet å ta til seg næring og væske, og i slike tilfeller vil man også kunne oppleve at motstanden mot ECT til slutt oppgis.»
Me er sterkt imot å legalisera elektrosjokk utan samtykke, slik som det på denne måten eksplisitt vert teke inn i lova. Ei opning for dette i lovverket kan føra til at elektrosjokk oftare vert utført utan samtykke. Sjølv om høgreregjeringa ikkje vil at det skal gjennomførast dersom personen motset seg tiltaket, er det slik at nokre av dei som er djupt deprimerte ikkje vil klara eller våga å seia nei til elektrosjokk, sjølv om dei meiner nei. Årsaka til manglande motstand kan vera handlingslamming pga. depresjonen eller frykt for autoritetar.
Dette vil altså gjera at dei aller mest sårbare og forsvarslause blant oss kan verta utsette for den grovast tenkjelege integritetskrenkinga staten kan gjera i vårt samfunn. Er det nokon som ville ha sagt at valdtekt er i orden, viss ein ikkje gjer motstand? Underteikna har sjølv fått elektrosjokk under tvang, så dette er ikkje spekulasjonar og overdrivingar.
Det vil vera svært audmjukande og personen vil klandra seg sjølv hardt i ettertid for å ikkje å ha gjort motstand mot elektrosjokkbehandlinga. Slik vert det gjort til pasientens ansvar at ein ikkje skal utsetjast for integritetskrenkingar og overgrep i psykiatrien. Det burde sjølvsagt vera motsett – at di meir sårbar ein er, di sterkare skal rettsvernet vera.
Diverre finst det framleis psykiatrar som møter røynsler frå pasientar om permanent tap av hugs etter elektrosjokk med fornekting. Men ein av dei fremste elektrosjokkekspertane i verda, Harold A Sackeim, som er og har vore nærast livslang tilhengjar av elektrosjokk, gjorde sjølv ein studie av dette, og fann ut at for alle typar av elektrosjokk vart det påvist markante skadar på heile spekteret av tankemessige og andre mentale funksjonar i oppfylginga av pasientane etter seks månader, basert på ei rekkje standardiserte psykologiske testar.
Og når dette har vara i seks månader, er det svært sannsynleg at skaden vert varig.
Sjå studien hans her:
https://www.nature.com/articles/1301180
Psykiater og psykiatrikritikar Peter Breggin har kommentert studien til Harold A Sackeim her:
https://www.huffpost.com/entry/disturbing-news-for-patie_b_44734
Sitat frå Breggin:
«After traumatic brain damage has persisted for 6 months, it is likely to remain stable or even to grow worse.»
Alzheimer er ein av dei mest frykta sjukdomane me har. Ingen ynskjer å verta hugsa som ein senil person. I psykiatrien er det annleis: Skadane me får på hugset av elektrosjokk vert bagatelliserte av psykiatrane. Me som har fått ein viktig del av livet evig øydelagd veit at dette er ingen bagatell.
Så ei behandling som gjev så alvorlege skadar på mange av pasientane er det uakseptabelt å utføra med mindre pasienten har avgjeve ei skriftleg førehandserklæring med samtykke til eventuell framtidig elektrosjokkbehandling, under føresetnad av at pasienten har fått informasjon om dei alvorlege skadeverknadene på hugset som mange får.
Så me bed SV om å gjennomføra eit totalforbod mot elektrosjokk utan eksplisitt skriftleg samtykke, også totalforbod mot å gje elektrosjokk som naudrett. Dersom ein opnar for legalisering av elektrosjokk utan samtykke fryktar me at det vert føremålsutgliding, og stadige krav frå psykiatrar om at tilgjenget til dette skal verta utvida.
Det er òg viktig at alle får ein juridisk rett til medikamentfri behandling i psykiatrien, og at dette vert gjennomført av personale som er positive til medikamentfri behandling, slik at denne ikkje vert sabotert.
Så ein annan ting:
Me vonar SV vil gje mykje meir hjelp til studentar som slit psykisk, og står i fare for å ikkje klara å fullføra studiet dei går på. Det er mange studentar som har psykiske lidingar, også utanom konsekvensar av korona-tiltak (som er naudsynte, men gjer at mange har hatt det vanskeleg). Me føreslår tverrfaglege team som ikkje berre gjev behandling, men òg hjelp til motivasjon til å fullføra studiet og tilrettelagd undervisning og anna undervisningsrelatert hjelp. Ikkje alle kan verta akademikarar, men dei som ynskjer dette må få ein reell sjanse til å gjennomføra det. Dette vil gje mange som elles ville ha enda på uføretrygd eit godt liv i arbeid i staden for. Med så mange studentar som slit psykisk skal det ikkje mykje til før desse tiltaka vert lønsame, men det viktigaste er at mange vil få det betre. Det bør òg vera liknande tiltak med tverrfaglege team for dei som vil ta yrkesfagleg utdanning.
Me vil presisera at det må ikkje verta vanskelegare for psykisk sjuke å få og behalda varig uføretrygd, men lettare å få hjelp til å koma i arbeid.
Høgreregjeringa har òg ei sak på høyring der dei vil straffa uføre som vil arbeida, ved å redusera eller fjerna fribeløpet:
Dette vil føra til at færre kjem i arbeid. Me har sendt høyringsfråsegn til dette her:
Og me oppmodar SV om å stogga dette usosiale kuttet, og i staden auka fribeløpet for uføre til 1,2 G, slik at fleire vert motiverte til å arbeida. Det er òg viktig at tiltak for å få unge uføre attende i arbeid er 100 % frivillige, slik at det ikkje vert skapt frykt for å mista trygda blant dei som er for sjuke til å arbeida.
Til slutt vil me be om at uføre som tapte på uførereforma må få ei permanent kompensasjonsordning, slik som SV har teke opp i Stortinget tidlegare. Denne gruppa har framleis like mykje bruk for dei pengane, sjølv om det er lenge sidan kuttet vart innført.
Dette vart mange tema på ein gong, men me meiner at alt dette er god SV-politikk som me vonar de vil få gjennomslag for.
Lukke til med resten av valkampen!