Her fylgjer e-posten me fekk frå Raudt torsdag 9. september 2021 kl. 09.00 om tvang i psykiatrien, psykologiske lågterskeltilbod for studentar, uføretrygd og det å retta opp velferdskutt. Me har innhenta samtykke frå Raudt til å leggja ut e-posten på nettsida vår.
==============================================================
Hei! Beklager at svaret her blir noe kort, vi har litt travle tider for tida! Har videresendt eposten din til rådgiver på feltet, slik at det blir med som innspill når vi skal behandle noen av sakene du tar opp her. Sender litt svar på hva som er Rødts politikk på områda du tar opp J
Vi har ikke konkret vedtatt politikk på ECT, men vi har vedtatt i programmet vårt at Rødt vil «avskaffe bruken av tvang i psykisk helsevern, med unntak av sikkerhetspsykiatrien. Dette krever bedre rammebetingelser, økt kompetanse og mer brukermedvirkning. Vi må styrke kompetansen i bruken av tvang blant helse- og omsorgspersonell, særlig for personell som jobber på sykehjem.» Dette vil jo legge viktige prinsipp også i spørsmål om ECT f.eks.
Rødt ønsker å styrke psykologiske lavterskeltilbud til studenter, gjennom studenthelsetjenester. I tillegg mener vi det vil være viktig å bedre studentenes kår, kanskje spesielt mtp. stipend og bosituasjon. Dette vil ikke nødvendigvis være avgjørende for psykisk helse, men for mange vil det bidra til å slippe ekstra bekymringer.
Rødt vil at det skal bli enklere å kombinere uføretrygd, AAP og andre ytelser med utdanning og arbeid. Og vi har programfesta at vi vil rette opp trygdekuttene for arbeidsløse, uføre og syke og gjeninnføre 1 som friinntektsgrense for uføre. Tar med innspillet om dette burde vært noe høyere.
Vh.
Gyro Fjordheim Fjermedal
Gruppesekretær for Rødts stortingsgruppe
==============================================================
Her er e-posten me i Hieronimus sende til Raudt torsdag 9. september 2021 kl. 00:47:
==============================================================
Til Bjørnar Moxnes og Mímir Kristjánsson
Hei!
Me beklagar at me er seint ute med denne førespurnaden, men det hadde vore fint å få ei avklåring av dette før valdagen, dersom de rekk dette.
Vil Raudt stå på pasienten si side, når det er motstridande interesser mellom pasienten og dei tilsette i psykiatrien, som til dømes psykiatrar, psykologar, psykiatriske sjukepleiarar, hjelpepleiarar og ufaglærte?
Det er eit faktum at det er ein ukultur i delar av psykiatrien der dei for lett tyr til beltelegging, tvangsmedisinering og elektrosjokk utan samtykke. Dette gjeld særleg når situasjonen til ein pasient/brukar er vanskeleg og konfliktfylt. Opposisjonelle pasientar får meir hardhendt behandling enn andre, for kritikk av behandlinga er ikkje velkomen i psykiatrien.
Eg personleg er absolutt ikkje tilhengjar av høgrepolitikk og usosiale kutt, men Bent Høie har gjennomført tiltak og lovendringar innan psykiatrien som går i rett retning med sikte på å heva terskelen for tvangsbruk, som dette at ein ikkje skal bruka tvang viss pasienten har samtykkekompetanse https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1999-07-02-62 (bortsett frå at farekriteriet er uendra).
I tillegg er det ei sak på høyring om framlegga frå Tvangslovutvalet:
Kva meiner Raudt om desse framlegga? Me treng ein revolusjon i psykiatrien, for å få slutt på overgrepa. Ein dag må det skje at menneske med psykiske lidingar møtest med same respekt som andre, og vert behandla utan tvang. Det som LHBTIQ-rørsla har fått til, vart jo ein gong sett på som umogleg og til og med moralsk forkasteleg.
Kan Raudt syrgja for at det vert mindre tvang i psykiatrien med ei raudgrøn regjering enn med høgreregjeringa? På minst eitt av punkta i høyringsnotatet går framlegget feil veg, altså at det kan verta meir tvang.
I dag er reglane slik at det eigentleg ikkje er lov å utføra elektrosjokk under tvang, unnateke i naudrettssituasjonar. Høgreregjeringa føreslår m.a. fylgjande i høyringsnotatet ovanfor:
«Departementet støtter derfor også utvalgets forslag om at ECT uten samtykke bare skal kunne brukes dersom personen ikke motsetter seg tiltaket og unnlatelse av å gi ECT i løpet av få uker, vil føre til alvorlig fare for personens liv, og at det bare skal kunne treffes ett vedtak om bruk av ECT i inntil to uker. Behandlingen vil dermed bare være aktuell overfor personer som er i ferd med å dø som (en indirekte) følge av sin psykiske tilstand. Typisk vil dette gjelde personer som har sluttet å ta til seg næring og væske, og i slike tilfeller vil man også kunne oppleve at motstanden mot ECT til slutt oppgis.»
Me er sterkt imot å legalisera elektrosjokk utan samtykke, slik som det på denne måten eksplisitt vert teke inn i lova. Ei opning for dette i lovverket kan føra til at elektrosjokk oftare vert utført utan samtykke. Sjølv om høgreregjeringa ikkje vil at det skal gjennomførast dersom personen motset seg tiltaket, er det slik at nokre av dei som er djupt deprimerte ikkje vil klara eller våga å seia nei til elektrosjokk, sjølv om dei meiner nei. Årsaka til manglande motstand kan vera handlingslamming pga. depresjonen eller frykt for autoritetar.
Dette vil altså gjera at dei aller mest sårbare og forsvarslause blant oss kan verta utsette for den grovast tenkjelege integritetskrenkinga staten kan gjera i vårt samfunn. Er det nokon som ville ha sagt at valdtekt er i orden, viss ein ikkje gjer motstand? Underteikna har sjølv fått elektrosjokk under tvang, så dette er ikkje spekulasjonar og overdrivingar.
Det vil vera svært audmjukande og personen vil klandra seg sjølv hardt i ettertid for å ikkje å ha gjort motstand mot elektrosjokkbehandlinga. Slik vert det gjort til pasientens ansvar at ein ikkje skal utsetjast for integritetskrenkingar og overgrep i psykiatrien. Det burde sjølvsagt vera motsett – at di meir sårbar ein er, di sterkare skal rettsvernet vera.
Diverre finst det framleis psykiatrar som møter røynsler frå pasientar om permanent tap av hugs etter elektrosjokk med fornekting. Men ein av dei fremste elektrosjokkekspertane i verda, Harold A Sackeim, som er og har vore nærast livslang tilhengjar av elektrosjokk, gjorde sjølv ein studie av dette, og fann ut at for alle typar av elektrosjokk vart det påvist markante skadar på heile spekteret av tankemessige og andre mentale funksjonar i oppfylginga av pasientane etter seks månader, basert på ei rekkje standardiserte psykologiske testar.
Og når dette har vara i seks månader, er det svært sannsynleg at skaden vert varig.
Sjå studien hans her:
https://www.nature.com/articles/1301180
Psykiater og psykiatrikritikar Peter Breggin har kommentert studien til Harold A Sackeim her:
https://www.huffpost.com/entry/disturbing-news-for-patie_b_44734
Sitat frå Breggin:
«After traumatic brain damage has persisted for 6 months, it is likely to remain stable or even to grow worse.»
Alzheimer er ein av dei mest frykta sjukdomane me har. Ingen ynskjer å verta hugsa som ein senil person. I psykiatrien er det annleis: Skadane me får på hugset av elektrosjokk vert bagatelliserte av psykiatrane. Me som har fått ein viktig del av livet evig øydelagd veit at dette er ingen bagatell.
Så ei behandling som gjev så alvorlege skadar på mange av pasientane er det uakseptabelt å utføra med mindre pasienten har avgjeve ei skriftleg førehandserklæring med samtykke til eventuell framtidig elektrosjokkbehandling, under føresetnad av at pasienten har fått informasjon om dei alvorlege skadeverknadene på hugset som mange får.
Så me bed Raudt om å gjennomføra eit totalforbod mot elektrosjokk utan eksplisitt skriftleg samtykke, også totalforbod mot å gje elektrosjokk som naudrett. Dersom ein opnar for legalisering av elektrosjokk utan samtykke fryktar me at det vert føremålsutgliding, og stadige krav frå psykiatrar om at tilgjenget til dette skal verta utvida.
Det er òg viktig at alle får ein juridisk og ufråvikeleg rett til medikamentfri behandling i psykiatrien, og at dette vert gjennomført av personale som er positive til medikamentfri behandling, slik at denne ikkje vert sabotert.
Så ein annan ting:
Me vonar Raudt vil gje mykje meir hjelp til studentar som slit psykisk, og står i fare for å ikkje klara å fullføra studiet dei går på. Det er mange studentar som har psykiske lidingar, også utanom konsekvensar av korona-tiltak (som er naudsynte, men gjer at mange har hatt det vanskeleg). Me føreslår tverrfaglege team som ikkje berre gjev behandling, men òg hjelp til motivasjon til å fullføra studiet og tilrettelagd undervisning og anna undervisningsrelatert hjelp. Ikkje alle kan verta akademikarar, men dei som ynskjer dette må få ein reell sjanse til å gjennomføra det. Dette vil gje mange som elles ville ha enda på uføretrygd eit godt liv i arbeid i staden for. Med så mange studentar som slit psykisk skal det ikkje mykje til før desse tiltaka vert lønsame, men det viktigaste er at mange vil få det betre. Det bør òg vera liknande tiltak med tverrfaglege team for dei som vil ta yrkesfagleg utdanning.
Me vil presisera at det må ikkje verta vanskelegare for psykisk sjuke å få og behalda varig uføretrygd, men lettare å få hjelp til å koma i arbeid. Det må likevel ikkje sjåast på som eit nederlag at unge folk vert uføretrygda; dette er ei viktig velferdsordning og for nokre er det den beste løysinga.
Høgreregjeringa har òg ei sak på høyring der dei vil straffa uføre som vil arbeida, ved å redusera eller fjerna fribeløpet:
Sitat frå høyringsnotatet:
«Departementet ønsker i dette høringsnotatet å høre fire ulike modeller for reduksjon av uføretrygd fra folketrygden og uførepensjon fra offentlige og private tjenestepensjonsordninger mot arbeidsinntekt:
- Beholde dagens regler med fribeløp på 0,4 G
- Halv reduksjon opptil 1 G
- Halv reduksjon opptil 1,2 G
- Fribeløp på 0,1 G og halv reduksjon opptil 1,2 G»
Dette vil føra til at færre kjem i arbeid. Me har sendt høyringsfråsegn til dette her:
Og me oppmodar Raudt om å stogga dette usosiale kuttet, og i staden auka fribeløpet for uføre til 1,2 G. Det er òg viktig at eventuelle tiltak for å få unge uføre attende i arbeid er 100 % frivillige, slik at det ikkje vert skapt frykt for å mista trygda blant dei som er for sjuke til å arbeida.
Me bed om at uføre som tapte på uførereforma må få ei permanent kompensasjonsordning med full kompensasjon av tapa, frå uførereforma vart innført. Denne gruppa har framleis like mykje bruk for dei pengane, sjølv om det er lenge sidan kuttet vart sett i verk.
Alle som har mista bustøtta etter at Erna Solbergs regjering vart innsett i 2013 må få bustøtta attende.
(Og generelt meiner eg personleg at alle velferds- og skattekutt frå høgreregjeringa må reverserast, men ambisjonen på lengre sikt må vera høgare enn dette. )
Dette vart mange tema på ein gong, men me meiner at alt dette er god Raudt-politikk som me vonar de vil få gjennomslag for.
Ei tilråding til godt lesestoff: Psykiatriens kjemiske makt, av psykolog Joar Tranøy: https://www.nb.no/items/a1defd8beedfb7df0c158e678779d7be?page=5&searchText=psykiatriens%20kjemiske%20makt
Lukke til med resten av valkampen!